Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Toppkandidat Trude Brosvik kjem til Gloppen

Toppkandidat Trude Brosvik kjem til Gloppen

Trude Brosvik er førstekandidat for KrF til nye Vestland fylke. Ho blir med på årsmøtet til Gloppen KrF denne veka.

Brosvik er ein person med sterk politisk bakgrunn både som ordførar i Gulen og mange periodar i dagens fylkesting i Sogn og Fjordane.

Ho kjem til Gloppen, som er av dei største lokallaga til KrF. Etter ein krevjande periode for partiet med retningsval, er det no ein god vilje til å legge eit best mogleg grunnlag for eit godt kommune- og fylkesval til hausten. Medlemsmessig har det vore nokre inn- og utmeldingar, men oversikten så langt viser at Gloppen held stillinga.

Årsmøtet i Gloppen KrF skal velje ny leiar og nye styremedlemer. Og av årsmeldinga går det fram at det har vore eit aktivt år for partiet og at kommunestyregruppa på sju medlemer gjer ein svært god innsats for å utvikle kommunen vår.