Dommar Tommy Skjerven i kampen mellom Aalesund og Nest-Sotra i slutten av november. Foto: Svein Ove Ekornesvv•g/NTB scanpix/NPK.

Toppdommar fekk kulturpris

Den erfarne fotballdommaren Tommy Skjerven får kulturprisen for 2018 frå Sogndal kommune.


– Det betyr noko at Sogndal kommune og Kaupanger idrettslag har ein toppdommar. Tommy har vore ein god omdømeberar for kommunen, sa ordførar Jarle Aarvoll då han overrekte prisen, skriv Sogn Avis.


Sidan 1995 har 51-åringen dømt over 360 kampar i Eliteserien. Det er fleire enn nokon andre. I fleire sesongar dømde han også kampar på internasjonalt nivå.


Det var likevel innsatsen i nærmiljøet som blei trekt fram som grunnen til at Skjerven får kulturprisen. Ordføraren meiner dommaren har vore eit forbilde for mange unge og at det står respekt av å dømme både lokalt og nasjonalt.


– Du er svært konsentrert i gjerninga di, og har 100 prosent fokus anten det er på Stamford Bridge eller Kaupanger stadion, sa ordførar Aarvoll ifølgje avisa. (©NPK)