Home   >   Nyhende   >   Tonnevis med poteter blir kasta

Forbrukarane vil ha reine poteter. Foto: Kari Hamre/NPK.

Tonnevis med poteter blir kasta

Femti tonn poteter går rett i bosset fordi forbrukarane vil ha reine og fine poteter.

Daglegvarebransjen meiner kundane vil ha potetene vaska, pakka og lett tilgjengeleg. Men vaska poteter reduserer haldbartida med fleire månader og dei blir kasta etter tjue dagar, fortel NRK.

Tidlegare vart poteter selde uvaska og i tette sekker. Då heldt potetene seg svært lenge.

– Vi veit at forbrukarane ønskjer å sjå det dei kjøper, og dermed fungerer ikkje lystette posar. Tidleg på 2000-talet stupte potetsalet, folk ønskte ikkje kjøpe poteter som var møkkete og tok lang tid å lage til. Vi var nøydde til å gjere noko, seier Pia Gulbrandsen, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Bama.

Potetene vart vaska reine og presentert i sekker med lysinnslepp for å lokke kunden til seg. Det reduserte haldbarheita og auka matsvinnet.

I butikkane til NorgesGruppen blei det i fjor destruert 50.000 kilo poteter. I tillegg kjem svinnet frå Rema 1000, Coop-butikkane og forbrukarane sjølv. (©NPK)