Heim   >   Nyhende   >   Tomt for populære fiskebollar

Pallar med fiskebollehermetikk frå Vesteraalens. Illustrasjonsfoto: Marte Christensen/NTB scanpix/NPK.

Tomt for populære fiskebollar

Dei siste månadene har butikkar over heile landet vore tomme for fiskebollar frå Vesteraalens. Mange forbrukarar har lurt på kva grunnen kan vere.

– Vi får e-post, brev og telefonar dagleg frå folk som spør etter fiskebollane våre. Nokre seier til og med at det blir hungersnød i Troms dersom ikkje produktet snart er tilbake, seier administrerande direktør i Vesteraalens Viktor Johnsen lattermildt til NRK.

Grunnen til fråværet av dei populære fiskebollane, som har vore produsert i over 100 år, er at selskapet byggjer ny fabrikk på Sortland.

Det har vore forseinkingar i byggjeprosessen og produksjonen kom ikkje i gang som planlagt i januar. Derfor har butikkar i heile landet vore utan produktet i overkant av to månader.

– Vi har no etablert ein ny fabrikk og flytta den gamle fabrikken inn i den nye. På grunn av denne prosessen har alle kjedene som sel produkta våre gått tomme, seier Johnsen.

No er det lovnad om at dei grøne hermetikkboksane med fiskebollar skal vere i butikkane om få dagar. (©NPK)