Roger Hollevik frå Årdal (t.v.) trefte vinnarvekta 100 prosent og stakk av med 25.000 kr. Lars Johannesen frå Larvik hadde største fisk og ny rekord for aurefesten. dermed vart han 10.000 kroner rikare.

To vinnarar i same hytte

Årets aurefest ser ut til å bli utgåva med mange gode historier. To av dei kom under premieutdelinga fredag.



Det synte seg nemleg at dagens vinnar av største fisk bur i same hytta på Jølvassbu camping som han som hadde største fisk torsdag. Begge er frå Larvik og begge fekk vinnarfisken på makk i Jølstra.

Ny rekord

Det vart sett ny rekord i går når det gjeld største fisk. Den var på 1280 g, men vart grundig slått i dag. Vinnaren i går, Yngve Bryn frå Larvik, har nemleg ein hyttekompis, Lars Lohannesen, som smelte til med 1653 g. Dermed hamna det 20.000 kroner i same hytta.

-Heilt fantastisk å vere her og veldig kjekt å vinne sjølvsagt, sa Johannesen som var på aurefest for andre gong. Han har omlag 100 dagar med fisking for året og er såleis det ein må kunne kalle ein lidenskapeleg fiskar.

- Det er nok ein viss fare for at eg kjem tilbake neste år smilte vinnaren før han hasta tilbake til kompisane og feiring av premien. Det høyrer også med til historia at vinnaren av største fisk torsdag hadde den tredje største fredag med 768 g



Årdølene tek grovt føre seg av premiane

På den første aurefesten gjekk vinnarbilen til ein kar frå Årdal i Sogn som heitte Torgeir Pettersen. Fredag synte det seg at den bilen var dei to om å vinne. Den andre var Roger Hollevik som fredag stakk av med premien for fisken med vekt nærast den som vart trekt ut. Dermed kunne han putte 25.000 kroner i lomma for ein fisk på 160 g, nøyktig den vekta som var trekt ut.

Hollevik fekk 10 fiskar på makk i vatnet og vog inn sju av dei. Reglane dei to første dagane var nemleg slik at det kunne leverast inn to fiskar på billetten, og så var det høve til å betale 100 kroner for kvar fisk ekstra, opp til sju.

Vinnarbilen første året vart seld til ein annan årdøl, Bjørn Øvstetun. Hann vann like godt andrepremien i fjor, ein båt med motor. Begge har vore med på aurefesten alle åra og begge var sikre på at dei kjem att neste år.

-Du må få med at dette er eit fantastisk arrangement med ei utruleg atmosfære. Her kosar vi oss og her slappar vi av. I år blir det som ein liten ferie, smilte Hollevik som gjorde det klart at karane frå Årdal hadde skumle planar for laurdagen.

-Vi har med sjåfør, så premiebilen skal vi nok få med, gliste dei.

 

Roger Hollevik frå Årdal (t.h.) var med på å vinne bilen i 2014 som vart seld til Bjørn Øvstetun.Han vann andrepremien i fjor, medan Hollevik stakk av med vinnarvekta fredag. t
Det var ikkje lenge etter premieutdelinga før gratulasjonane tikka inn på telefonen til Roger Hollevik