Home   >   Nyhende   >   To raske mål gav tre poeng

Odd Rune Dvergsdal scora eitt av Jølster sine mål måndag kveld. Arkivfoto.

To raske mål gav tre poeng

Jølster sitt herrelag i 5. divisjon slo Stryn 2 3-2 i Stryn måndag kveld. 

Bortelaget tok leiinga ved Trond Vegard Ripe allereie etter to minutt. Stryn 2 utlikna like før pause.

To kjappe scoringar av Ripe og Odd Rune Dvergsdal i starten av 2. omgang sytte for tomålsleiing til dei grøne og svarte. Stryn 2 reduserte kort tid etter, men så var det slutt på målfesten på Stryn stadion og jølstringane kunne reise heim med tre poeng i lommane.