Foto: Christoffer Krook.

To frå fylket heidra av Egner-familien

Thorbjørn Egners Kardemommestipend går i år til to komponistar frå Sogn og Fjordane: Thea Hjelmeland frå Førde og Karl Seglem frå Årdal.


Kvart år heidrar Egner-familien komponistar og tekstforfattarar som har merka seg ut det siste året. Gjennom Kardemommestipendet får to mottakarar sjanse til å fordjupe seg endå meir i musikken sin. Årets vinnarar er Karl Seglem og Thea Hjelmeland, som begge får 50.000 kroner, skriv Norsk forening for komponister og tekstforfattere (NOPA) på nettsidene sine. I år vart stipenda delt ut under NOPAs priskonsert på Cosmopolite Scene i Oslo 5. november.


– Eg er så utruleg glad og takksam for denne prisen! Eg kjenner meg æra, og det er heilt spesielt å få ein slik pris av kollegaer som veit kva arbeid som ligg bak, seier Thea Hjelmeland.


Juryen la vekt på at Hjelmeland er utforskande når ho komponerer, og trakterer både ulike instrument og bruker tekstene til å fortelje historier.


Karl Seglem blei heidra for fornyinga si av tradisjonsmusikken og for at han utforskar nye vegar musikalsk.


– Eg er takksam og glad for å ta imot Kardemommestipendet 2019 og det er ekstra inspirerande at stipendet kjem frå kollegaer. Det norske språket og musikken er under press, men eg håpar det også i framtida er plass til litt sjeldne eigenarta fuglar som går nye vegar og utfordrar sjangergrenser og lyttarar – med instrumentalmusikk, som er det eg i hovudsak arbeidar med, seier Seglem.


I årets jury for Kardemommestipendet sit Askil Holm, Tove Kragset og Torgeir Rebolledo Pedersen. (©NPK)