Heim   >   Lokalt   >   Jølster   >   Ting-Kjeda får leve vidare

Illustrasjonsfoto frå opning av Ting-butikken i Trondheim.

Ting-Kjeda får leve vidare

Ting-kjeda med sine 10 butikkar og 78 tilsette varsla måndag at dei måtte ta buet til skifteretten. Kjeda er ti år gammal, men har dei siste åra slite med svake resultat.

– Det er beklageleg å fortelje at det ikkje har lukkast å finne ei løyning for selskapet som sikrar vidare drift, skreiv styreleiar Audun Viken i ei melding til E24. Onsdag kveld kom det kontramelding, og med nye folk inn på eigarsida får åtte av butikkane leve vidare.
Svakt resultat
Ting hadde i 2018 eit negativt resultat på 11.8 millionar mot minus 1.6 året før. Auka kostnader, minkande marginar og aukande konkurranse frå netthandel blir oppgjeve som årsak til konkursen. Styreleiar Viken sa måndag, at det har vore arbeidd hardt for å berge kjeda unna konkurs.
Ting AS var eigd av Skei Holding AS, der Hallvard Viken og sønene Audun og Harald er eigarar. No er familien Holta frå Bærum komne inn som medeigar i Skei Holding som har kjøpt konkursbuet og skal drive Ting-kjeda vidare.
– Sjølv om gåve og interiørbransjen og Ting AS dei siste åra har hatt store utfordringar, er det lagt ned stor innsats for å tilpasse seg den nye marknadssituasjonen med endra kjøpemønster. Dette gir eit godt utgangspunkt for eit framtidig konkurransedyktig konsept. Vi er glade for å kunne tilby våre mange kundar populære gåve- og interiørprodukt også i framtida, skriv styreleiar i Ting AS, Audun Viken i ei melding til Nettavisen som først omtala saka.
Det er butikkane på Flesland og i Oslo som blir lagde ned, dei åtte andre får leve vidare.

Resultat for Ting dei tre siste åra det ligg føre rekneskap for.

2018 2017 2016
Sum driftsinntekter 93 403 87 301 70 735
Driftsresultat -11 873 -1 616 860
Resultat før skatt -13 748 -3 121 -522
Årsresultat -10 556 -2 337 -392

Illustrasjonsfoto frå opning av Ting-butikken i Trondheim.

Eigenkapital 52 745 58 199 43 966

Holta -selskapet HIV invest AS hadde i 2018 eit resultat på 5.3 millionar.

Kjelde: Proff.no