Tine treng meir mjølk

Tine varslar behov for endå meir mjølk. Dette kjem halvanna månad etter ein ekstraordinær auke i mjølkekvotane, etter påverknad frå Tine.


I byrjinga av april vart det gjort ei ekstraordinær auke i mjølkekvotane på fem prosentpoeng. No ynskjer Tine ytterlegare auke, skriv Nationen.


Direktør i Tine Råvare, Eivind Kjuus, skriv i eit brev til marknadsaktørane at dei nasjonale tiltaka knytte til koronapandemien har endra konsummønster og redusert grensehandel. Noko som har ført til ytterlegare industrielt behov.


Tine vil ikkje seie noko no om kor mykje dei ønskjer å auke kvotane, men styret skal diskutere spørsmålet neste veke.


– Det er ingen akutt situasjon, men vi må tenkje framover. Etterspørselen etter både ost og drikkemjølk har auka her i landet. Det er særleg i sommar og 3. kvartal vi treng meir mjølk, seier Johnny Ødegård, direktør for rådgiving og medlemsservice i Tine, til Nationen.


Auken av mjølkekvotane i april kom av at Tine-meieriet i Irland ikkje var klar til produksjon, i tillegg til uvisse rundt koronaviruset.


(©NPK)