Tine må legge ned anlegg

Onsdag la Tine fram tal som viser at resultatet før skatt i tredje tertial i 2018 hadde falle til 229 millionar kroner, frå 309 millionar kroner i same periode i 2017. Den nye sjefen meiner det ikkje er mogleg å halde på alle produksjonsanlegga.





Tine har i dag 31 produksjonsanlegg, men Gunnar Hovland, som har vore Tine-sjef i seks veker, seier til Dagens Næringsliv at det ikkje vil vere mogleg halde fram drifta av alle.





– Kor mange vi ender opp med, veit eg ikkje, men når vi ser oss tilbake om nokre år vil det vere færre, seier han.





Styret har bede om betra resultat, og ein ny strategiplan for å auke vekst og få ned kostnadene er under arbeid.





Sidan 1990 har talet på produksjonsanlegg gått ned frå 120 til 31.





Tine er i dag under press frå fleire hald. Neste år mister dei eksportstøtta for Jarlsberg-ost, og produksjonen må flaggast ut. Ein ny fabrikk i Irland skal tene utanlandsmarknaden. Nordmenn drikk også mindre mjølk, samstundes med at konkurransen på marknaden er større.





I resultatrapporten for 2018, kjem det fram at Tine-konsernet hadde eit resultat på 1,47 milliardar, noko som er ein oppgang frå 1,41 milliardar i 2017. Nedgangen på tradisjonelle meieriprodukt, som søtmjølk, yoghurt, fløyte og rømme, blir delvis vege opp av sal av Diplom-Is og andre produkt som iskaffi, iste og Yt-produkta. (©NPK)