Heim   >   Fylket   >   TINE kåra til det mest berekraftige selskapet i Noreg i 2019

Tine har stort fokus på å redusere klimagassutsleppa.

TINE kåra til det mest berekraftige selskapet i Noreg i 2019

Det norske folk har stemt fram Tine sine 200.000 kyr, 10.000 bønder og 4.500 tilsette til det mest berekraftige selskapet i Noreg i den landsomfattande Sustainable Brand Index-undersøkinga. 

TINE lever av naturen og er heilt avhengig av å ta vare på både dyr, natur og ressursar for å kunne drive berekraftig no og i framtida. Selskapet ønskjer å liggje langt framme når det gjeld å drive sirkulært.

Visjon om å bli klimapositive

Den ferske konsernsjefen er stolt og audmjuk over at norske forbrukarar set pris på TINE sitt berekraftsarbeid, og påpeiker at ei slik utmerking gjev auka ansvar og motivasjon.

– Vi har framleis mykje ugjort. Visjonen vår er at TINE si verdikjede skal fjerne meir klimagassar enn ho slepp ut. Det langsiktige målet er at TINE skal bli klimapositive, seier konsernsjef Gunnar Hovland.

Berekraft betyr også trygg, norsk matproduksjon med positive ringverknader.

– Arbeidsplassar og levande distrikt gjev norsk matkultur over heile landet. Analysar viser at verdiskapinga frå TINE si verksemd er på om lag 20 milliardar kroner, fordelt på kring 25.000 årsverk, seier han.

Ny emballasjestrategi

Mange konkrete berekraftstiltak involverer alle tilsette i TINE.

– Vi reduserer klimautsleppa våre ved å redusere matsvinn i eigen produksjon, både bilar og meieri blir drifta på fornybar energi, vi lagar biogass av kumøk og har friske kyr med den lågaste antibiotikabruken i verda. Mot forbrukarane reduserer vi kontinuerleg andelen salt, fett og sukker i merkevarene våre, og no lovar vi også 100 prosent fornybar emballasje på alle produkt innan 2023, seier han.

Undersøkinga viser at TINE scorar spesielt godt hos forbrukarane på kortreiste og sunne norske meieriprodukt, god dyrevelferd og fornybar emballasje. Allereie til hausten testar TINE rømme på pappbeger.

– Vi er nysgjerrige på mottakinga og ønskjer å teste om folk vil ha rømme på pappbeger. Vi veit at funksjonell emballasje er viktig i dag, og håpar å få med forbrukarane på at berekraftig emballasje er like viktig, seier Hovland.

Hald landet reint 

I år vil TINE også ta eit større ansvar for plast på avvegar og saman med Hold Norge Rent mobilisere nordmenn til dugnaden «Tur med retur» i september.

– Då inviterer vi familiar, barnehagar og idrettslag med på tur i nærområdet, i bygd og by eller fjell og vidde for å samle søppel og plast på avvegar. Vi ønskjer å kombinere klimaarbeid og hyggjeleg turaktivitet i alle aldrar, seier Hovland.