Tiltalt for å ha trua politiet, fyllekøyring og skadeverk

Statsadvokatane i Hordaland og Sogn og Fjordane har tatt ut tiltale mot ein nordfjording i 60-åra.

Han er tiltala for ved fleire høve å ha trua og brukt vald og skjellsord mot polititenestefolk ved pågriping og transport i politibil ulike stadar i Nordfjord. Han er òg tiltala for å ha køyrd moped i alkoholrus og ved eit anna høve køyrd utan gyldig førarkort for den gruppa køyretøy han var førar av.

Tiltalelista omfattar òg trugsmål og stygg åtferd overfor dei tilsette på hurtigruta «Midnattssol» på tur mellom Bergen og Måløy, og skadeverk utført i ein politibil. Det er lagt ned påstand om erstatning til Vest politidistrikt på 3290 kroner.

Saka skal opp i Sogn og Fjordane Tingrett denne veka.