Home   >   Nyhende   >   Tilsyn skal sjå på prisdiskriminering blant matvaregigantane

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner det er viktig at Konkurransetilsynet undersøkjer om leverandørane forskjellsbehandlar dørene matvaregigantane. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK.

Tilsyn skal sjå på prisdiskriminering blant matvaregigantane

Næringsdepartementet har bedt Konkurransetilsynet finne ut om dei store leverandørane driv prisdiskriminering når dei sel varer til kjedene til ulik pris.

Fram til 2016 henta Statens konkurransetilsyn inn avtalane mellom dei 20 største leverandørane og kjedene, men dei har aldri nytta seg av informasjonen for å sjekke prisane eller konkurransesituasjonen, skriv Aftenposten.

No har departementet bedt tilsynet analysere avtalane og sjå om dei kan finne svar på om dei store leverandørane, som for eksempel Ringnes, Orkla, Tine eller Nortura, forskjellsbehandlar kjedene og på den måten gjer det vanskeleg for Coop, Rema og Kolonial.no å konkurrere mot Kiwi og Norgesgruppen.

– Fleire aktørar i bransjen meiner at det bør leggjast ned forbod mot prisdiskriminering frå dei dominerande leverandørane. Dette er eit svært inngripande verkemiddel, og vi må greie det grundig ut før vi eventuelt set i verk ei slik regulering. Ei grundig faktaundersøking, som den Konkurransetilsynet no skal i gang med, er ein viktig del av denne vurderinga, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Slik det er i dag, har det vore eit velkjent argument i bransjen at den som kjøper flest varer, får den lågaste prisen, og Kolonial.no starta diskusjonen allereie i haust då dei hevda at dei betaler opp til 20 prosent meir for maten dei kjøper av leverandørane, enn det Norgesgruppen gjer.

Sidan innkjøpsvilkåra er hemmelege, også på grunn av konkurranselova, er det ingen som har kunna bevise at det er ein forskjell.

No skal altså tilsynet ta tak i det. Fristen for utgreiinga er sett til 1. oktober. (©NPK)