Home   >   Fylket   >   Tilrår Coop-fusjon

Tilrår Coop-fusjon

Styra i Coop Vest og Coop Orkla Møre tilrår fusjon mellom dei to laga, og fusjonsplanen vil bli behandla i ekstraordinære årsmøte etter sommaren.

– Fusjonen vil gje oss eit meir einsarta marknadsområde. Ein fusjon vil dessutan innebere at samvirkelaget får auka investeringsevne, meir konkurransekraft og større samla kompetanse, seier Geir Espe, administrerande direktør i Coop Vest.

– Ein fusjon mellom Coop Vest og Coop Orkla Møre vil styrke Coop sin marknadsmessige posisjon i heile regionen. Fusjonen vil kome både dei tilsette og kundane våre, som også er våre eigarar, til gode, seier Arild Sørlien, administrerande direktør i Coop Orkla Møre.

Dersom samvirkelaga sine ekstraordinære årsmøte stemmer for fusjonen 28. august, vil det nye samvirkelaget vere blant dei 100 største verksemdene i Noreg. Samvirkelaget vil ha ein samla omsetning på i overkant av fem milliardar kroner delt på 140 butikkar, sysselsetje over 2 000 tilsette og ha heile 145 000 medeigarar.

Det fusjonerte laget sitt nye namn blir Coop Nordvest SA, og samvirkelaget vil ha kontor i Førde, Ålesund og Orkanger.