Ein konsulentrapport foreslår å leggje ned 19 av dei 82 trafikkstasjonane til Vegvesenet. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Tilrår å stengje 19 trafikkstasjonar



Trafikkstasjonane i distrikta har for lite å gjere. Eit konsulentselskap tilrår å leggje ned 19 av dei 82 trafikkstasjonane til Statens vegvesen fram mot 2023, ifølgje Klassekampen.



Effektiviseringsgevinsten kan vere på mellom 360 og 404 millionar kroner med full effekt frå 2023, ifølgje ein rapport som Capgemini Consulting har laga på oppdrag frå Finansdepartementet og Samferdselsdepartementet. Samferdselsdepartementet har no sendt rapporten vidare til Vegvesenet, som skal foreslå ein ny tenestemodell på trafikant- og køyretøyområdet innan 10. mai.


Det er digitaliseringa av tenester som folk før måtte møte opp for å bruke, som no gjer at trafikkstasjonane har mindre å gjere. Med den foreslåtte omlegginga får dei aller fleste betre tenester, mens nokre få får lengre reiseveg, ifølgje Capgemini-rapporten.



Ein av ti får lengre reiseveg

Avhengig av kva teneste ein snakkar om, får 8–15 prosent av brukarane mellom 1 og 2 timar ekstra reiseveg i ein ny struktur, heiter det i rapporten. Capgemini strekar likevel under at det i hovudsak dreier det seg om tenester ein treng få gonger i livet.


Trafikkstasjonen i Nordfjordeid i Sogn og Fjordane er éin av dei 19 som konsulentane tilrår å leggje ned. For Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) føyer forslaget seg inn i rekka av omstillingsgrep som går ut over distrikta. Han meiner ei nedlegging i Nordfjordeid særleg går ut over det lokale næringslivet.


– Det er alle desse små strukturgrepa som er truslane mot vekst og utvikling i Distrikts-Noreg, seier Bjørlo til Klassekampen.



Nedleggingstrua trafikkstasjonar

Capgemini forslår å leggje ned desse trafikkstasjonane innan 2023: Sauda, Rjukan, Mandal, Larvik, Drøbak, Billingstad, Elverum, Fagernes, Nordfjordeid, Sunndalsøra, Oppdal, Røros, Orkanger/Orkdal, Stjørdal, Levanger, Sandnessjøen, Leknes, Narvik, Storslett


I konsulentrapporten er det dessutan forslag om å gjere 18 trafikkstasjonar om til servicekontor fram mot 2034. Først i køen (2019–2021) står Sauda, Lillestrøm, Haugesund, Stavanger, Sogndal, Ørsta/Volda, Orkanger/Orkdal, Brekstad, Levanger og Namsos. I perioden fram mot 2034 kan det òg vere tenleg å redusere tilbodet ved desse stasjonane, ifølgje rapporten: Arendal, Stord, Molde, Kristiansund, Namsos, Mosjøen, Bodø, Svolvær, Harstad, Hammerfest og Vadsø.

(©NPK)