Arne Skrede leiger ut bruktbilar i det nye firmaet sitt. – Vi har små personbilar, stasjonsvogner og varebilar som alle kan køyrast med vanleg førarkort, fortel han.

Tilbyr utleige av bruktbilar

Arne Skrede har starta eit firma som skal leige ut bruktbilar. Gjennom Rent A Wreck kan nordfjordingar og andre no leige bruktbilar til ein rimelig penge.



– Eg har lenge hatt lyst til å starte eit kvart for meg sjølv, og det vart litt tilfeldig at det vart utleige av bruktbilar. Eg kom over ein annonse der firmaet Rent A Wreck søkte om folk til å starte avdelingar, og tok då kontakt med dei. Dei var positive til å starte opp her på Sandane, så då vart det slik, fortel Arne Skrede.
Ulike bilar
Bilane Skrede skal leige ut er bruktbilar. Han har fleire typar bilar for utleige.
– Eg har små personbilar, stasjonsvogner og varebilar. Dei fleste bilane er mellom fem og ti år gamle, og dei er i god stand. Felles for bilane er at dei kan køyrast med vanleg førarkort.
Bedrifta held til ved Hetle Auto på Reed. Skrede kan fortelje at han i utgangspunktet hadde sett føre seg å ha base på Sandane, men at han ikkje fann eigna lokale.
– Då eg ikkje fann lokale på Sandane, inngjekk eg eit samarbeid med Hetle Auto. Dei ordnar bilar til meg og utfører service når det trengst. Vi har eit godt samarbeid, seier han.
Håpar å starte til veka
Skrede jobbar til dagleg som lærar ved Stryn vidaregåande skule, og har nyleg gjort seg ferdig med ei etterutdaning innan økonomi og administrasjon. Denne utdanninga er noko av grunnen til at han starta firmaet.
– Eg ønskte å bruke utdanninga innan økonomi og administrasjon til noko relevant, noko eg får gjort no. Til å starte med kjem eg til å kombinere lærarjobb med bilutleige. Eg har ikkje planar om å slutte som lærar, så dersom bedrifta gjer det bra, kjem eg til å tilsetje folk på sikt.
Etter eit halvt år med planlegging, håpar Skrede å vere klar til å leige ut bilar i løpet av veka.

 

Faktaboks
Rent A Wreck
* Er ein internasjonal bilutleigekjede
* Satsar på utleige av bruktbilar
* Har avdelingar i Skandinavia og USA
* I Noreg er det totalt 30 avdelingar
* Avdelinga på Sandane blir den første i fylket