Opninga av WiFi-sona på Sandane vart gjort frå sofaen. Frå venstre: Christiane Ulriksen (Enivest), Kristine Strøm (Gloppen ungdomsråd) og ordførar Leidulf Gloppestad. Foto: Falk Tewes.

Tilbyr gratis WiFi i sentrum

Laurdag opna to WiFi-soner i Sandane sentrum. Ved Heradsplassen og Grandeparken kan ein no nyte gratis internett-tilkopling.

– No håpar vi at ungdommen møtast i sentrum, i staden for å chatte frå rommet sitt, seier rådgjevar i Gloppen kommune, Birte Fossheim.

Først i fylket

Gloppen kommune er ein av tre kommunar i fylket som har fått støtte frå EU til gratis WiFi-soner.

– Vi fekk 150.000 kroner frå EU til WiFi-soner i kommunen. Med desse pengane får vi også laga slike soner i Colombusparken i Hyen, ved Coop på Byrkjelo og i sentrumsparken på Reed. Dette er stadar med mykje folk og turistar. Desse opnar innan september 2019, seier Birte Fossheim.

Gloppen kommune, saman med kommunane Årdal og Førde, er dei første i fylket som opnar slike WiFi-soner.

– Vi søkte om midlar til internettsoner, då dette var noko ungdommen i kommunen ønskte. Fleire andre stadar i Noreg har fått gratis WiFi i sentrum, så då ville vi òg søke om det. Det var førstemann til mølla, og vi var tidleg nok ute til å få tildelt midlar frå EU, fortel Fossheim.

Spesiallaga benkar

Fossheim kan fortelje at kommunen håpar å få laga spesielle benkar til internettsona i Sandane sentrum.

– Vi håpar at ungdommen vil møtast fysisk. Framover har vi planar om å lage nokre benkar med solcelletak i samband med WiFi-sona. Då kan ein lade telefonen samtidig som ein er tilkopla internett. Vi håpar ungdommen forstår at vi har lyst dei skal møtast i sentrum, seier ho.

Samarbeider med Enivest

Kommunen har eit samarbeid med Enivest, som leverer WiFi til sonene, for å ha kontroll på at internettet blir brukt på rett måte.

– Enivest hjelper oss med overvaking. På den måten kan vi unngå at WiFi-sona blir misbrukt, fortel Fossheim.

Ho legg til at kapasiteten på internettet er bra.

– Kapasiteten på internettet er god. Dette er noko EU sette krav om.