Illustrasjonsfoto.

Tilbod til eldre





I fredagsavisa gjekk leiar i Jølster pensjonistlag, Kjellaug
Grimsbø, ut mot politikarane i Jølster som i handsaminga av budsjettet for 2019
bestemte seg for å leggje ned dagtilboda ved omsorgssentra både på Skei og
Vassenden.





– Å legge ned dagsentertilbodet er å ta frå dei svakaste eit
tilbod dei har nytta og hatt glede av. Eg har snakka med fleire brukarar som er
fortvila over situasjonen. Det som skjer no, er at dei blir sitjande for seg
sjølve og forfalle både fysisk og psykisk, noko som fører til meir pleietrong.
Dermed går vinninga opp i spinninga, uttalte Grimsbø.





Dette er langt frå første gongen tilbod til eldre blir kutta
når kommunar må spare pengar. Innsparingane blir heller ikkje alltid så store. For
nokre år sidan vart eit liknande tilbod på Felleshuset i Gloppen teke vekk då kommunen
skulle skjere ned. Kuttet utgjorde 70.000 kroner.





Det er kjedeleg at det er dei svake gruppene, dei som ofte
har færrast tilbod og er dei som ikkje har for vane å skrike høgast og stille
krav, som blir råka når politikarane må finne fram sparekniven. Eit
dagsentertilbod betyr mykje for dei som nyttar det, det utgjer rett og slett
ein skilnad i liva deira. Det er ein møteplass der dei kan møte jamaldringar,
slå av ein prat, ete og samle seg om felles aktivitetar. For dei som kanskje
tilbringar store delar av døgnet åleine, skal ein slett ikkje undervurdere
verdien av dette. Resultatet av at tilbodet fell vekk, blir fort auka einsemd,
isolasjon og redusert helsetilstand.





Samstundes må ein forstå at politikarar på jakt etter heilt
naudsynte innsparingar må gjere prioriteringar dei helst ikkje ønskjer å gjere.
Ein har ikkje pengar til alt ein vil, og då blir det dei ikkje-lovpålagde
tenestene og tilboda som ryk først. At dette går utover dei eldre, dei som i
eit langt liv har tent dette landet, er rett og slett trist. Men så brutalt kan
samfunnet vere.





Då er det godt å sjå at frivillige stiller opp og prøver å
avhjelpe situasjonen. På Skei klarte ikkje Jofrid Aardalsbakke Djupvik å sitje
stille då det var klart at dagsentertilbodet var historie. Ho har mobilisert eit
tosifra tal frivillige som står klare til å gå inn i ein turnus for å kunne gje
eit tilbod til eldre ein dag i veka. Torsdag kom tilbodet i gang, og ikkje
uventa var oppmøtet godt.





Slikt står det respekt av. Vi bør alle bidra med det vi kan
for å gjere andre sine liv litt meir innhaldsrike og meiningsfylte. I tillegg
til å glede og hjelpe andre, gjer det godt for ein sjølv å kjenne at ein kan
gjere noko medmenneske set pris på.