Turistar ved utløpet av Nigardsbreen, som er ein utløpar av Jostedalsbreen. Arkivfoto: Trond Tandberg/NTB scanpix/NPK.

Tidleg sesongstart for breturistane

I Jostedalen har turistane byrja å kome. Lite snø gjer at fleire er uroa over at sommaren skal gå hardt utover turistmagneten Nigardsbreen.


Stor snøsmelting har ført til tidleg vår i Jostedalen. Turistane er allereie tilbake, og blir møtte av ein isbre som er mindre enn nokon gong. I fjor trekte Nigardsbreen seg tilbake 81 meter, skriv NRK.


– Å gå heilt inn til breen utan å gå på snø er unormalt. Det trur eg ikkje at eg har opplevd før på denne tida av året, seier Steinar Bruheim i Jostedalen Breførarlag til kanalen. Han meiner det er tidleg å ha turistar oppe ved breen i byrjinga av mai.


Nigardsbreen er ein av dei meste besøkte brearmane i landet. At sommarsesongen opnar så tidleg som den gjer i år, bekymrar dei som lever av breen.


– Store delar av bretunga er allereie snøfri. Vi er spente på korleis det skal gå, vi ønsker jo at breane framleis skal vere her, seier dagleg leiar Trygve Snøtun ved Breheimesenteret. (©NPK)