Slik ser det ut ved Svidalsneset.

Ti personar er ikkje gjort greie for

Ti personar er framleis ikkje gjort greie for, opplyste lensmann i Førde og Naustdal, Dag Fiske, til Bergens Tidende like før klokka 13 onsdag. 

- Vi byrjar no å få meir oversikt over situasjonen. Nettet er byrja å fungere igjen, men mobildekninga er framleis slått ut i dei rasramma områda, kunne Fiske fortelje til avisa.

Geologar har no vore inne i området, og lensmannen håpar leitemannskap snart får klarsignal til å starte søk i området der ein bil kan ha blitt tatt av ras på sørsida av Jølstravatnet tysdag kveld.

- Vi har hittil ikkje hatt høve til å gjennomføre søk midt i dette rasområdet på grunn av risikoen for nye skred. Så langt har vi ein vitneobservasjon om ein bil og ein person i vatnet, og vi kan ikkje utelukke at det kan dreie seg om ein av personene som det så langt ikkje er gjort greie for, seier Dag Fiske til BT.