Thomas Mardal imponerer stadig i slegge.

Thomas med pers i USA

Torsdag kveld vann Thomas Mardal slegge under South Eastern Conference i Arkansas. Med resultatet 73.00 kunne han notere ny pers og krinsrekord.

Ifølgje GFIL sine nettsider starta Thomas med 70.54 i 1. omgang og han låg på tredjeplass før siste omgang.

Prestisjetung konkurranse

Der fekk han opp eit kjempekast som tok han forbi dei to føre på lista. Dermed slo han også den som leiar sleggestatistikken i USA, Denzel Comenentia. Han har årsbeste på 76.80 som er over VM-kravet.

- Å vinne ein conference-finale heng høgt, og det vart viktige poeng til Gators i jakta på lagtrofeet. Dermed kan vi godt seie at han var "best når det gjeld", skriv GFIL i si omtale av konkurransen og rekordkastet.