Anders Felde er ikkje nøgd med staten sitt tilbod til bøndene.

- Tettar ikkje lønnsgapet

- Staten trur framleis at bønder lever av prosent og kroner, samanlikna mot andre grupper sakkar bøndene enno meir akterut i forhold til inntektsutvikling.

Det seier leier Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag, etter at staten fredag la fram sitt forslag til bondeorganisasjonane i jordbruksoppgjeret.

Skuffa

Felde er skuffa over at staten heller ikkje denne gongen ser ut til å ville tette inntektsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper.

- Vi leverte eit krav med ei inntektsutvikling på 25 300, det vil seie 6000 kroner meir enn andre grupper. I tilbodet blir vi gitt ei inntektsutvikling som er svakare enn andre grupper. Slik kan det ikkje forsette. Eg er sterkt tvilande til at Stortinget støttar ei slik utvikling for landbruket.

Felde ser likevel lyspunkt i staten sitt tilbod.

- Vestlandet er prioritert i tilbodet og dette ser vi positivt på.

Men fylkesleiaren i Sogn og Fjordane ser ikkje att ei klar satsing på dei mindre bruka.

- Eit prioritert løft for små og mellomstore bruk, som var ein viktig del av kravet frå jordbruket, det leverer regjeringa ikkje på i dette tilbodet, fastslår Felde.

Meir regulering

Felde etterlyser også sterkare regulering av produksjon i høve til tilbod og etterspurnad, for å unngå overproduksjon med kjøt på lager og ditto låge prisar inn til bonden.

- Det er skuffande at staten ikkje kjem oss meir i møte i forhold til å kunne drive produksjonsregulering, noko som blir viktig for å heve inntektene spesielt innan sau og gris. Skal vi gå i forhandlingar, må staten vere tydelege på at dei vil kome oss i møte på dette temaet, krev Anders Felde.