Heim   >   Nyhende   >   Tek over 99 statlege hamner

Fiskerihamna i Espevær i Hordaland er ei av 99 fiskerihamner som går over frå staten til Vestland fylkeskommune. Foto: Erlend Hofstad/Hordland fylkeskommune.

Tek over 99 statlege hamner

Frå årsskiftet blir 99 statlege hamner i Hordaland og Sogn og Fjordane overførte frå Kystverket til Vestland fylkeskommune.

46 av dei 99 hamnene ligg i Hordaland og 53 i Sogn og Fjordane. Det nye storfylket blir saman med Nordland og Troms og Finnmark eitt av dei største fiskerifylka i landet, heiter det i ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.

Fylkeskommunen skal eige og halde ved like hamnene, medan kommunane stort sett skal ta seg av drifta. Det har alt vore fleire møte mellom fylkeskommunen og kommunane om utviklinga av hamnene.

For den nye fylkeskommunen er det knytt spenning til overtakinga av dei 99 hamnene på fleire måtar.

– Dette er eit nytt fagområde for oss der vi ikkje har så stor kompetanse. Det blir ei utfordring for oss å få på plass godt vedlikehald av fiskerihamnene, seier påtroppande eigedomsdirektør Jostein Fjærestad i Vestland fylkeskommune.

Det blir peikt på at etterslepet på vedlikehald av dei 99 fiskerihamnene er kalkulert til meir enn 50 millionar kroner. Det følgjer likevel ikkje pengar med overtakinga frå staten, men Stortinget har vedteke at rammeoverføringane frå staten skal aukast, heiter det. Desse overføringane blir derimot ikkje øyremerkte.

Avtalen med overføringa av dei 99 hamnene til Vestland fylkeskommune blei underteikna under Arendalsveka og er ein del av arbeidet med å overføra oppgåver frå staten til fylkeskommunane. Det blei også inngått avtalar for overføring av hamner for Nye Viken, nye Vestfold og Telemark, Agderfylka og Rogaland. Resten av fylka som skal ta over hamner, skal det etter planen gjerast avtale med i oktober og november. (©NPK)