Illustrastrasjonsbilete frå Turtagrø. Foto: Kristian Lie/NTB scanpix/NPK.

Tek grep for å unngå ny runde med omgangssjuke i påska

Alle DNT sine hytter er i år utstyrte med sterkare vaskemiddel og desinfeksjonsmiddel for å hindre at påska blir ein reprise av i fjor, då noroviruset herja.


– Det var veldig synd på dei som vart sjuke og måtte avbryte påsketuren sin. Det var jo ei draumepåske, både snø- og vêrmessig, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforening (DNT) til NRK.


I alt vart 49 personar slått ut av omgangssjuke etter å ha besøkt DNT sine turisthytter i påska i fjor. Det kom av noroviruset, som spreier seg svært raskt.


Ti av DNT-hyttene på og rundt Hardangervidda hadde gjester med omgangssjuke. For å stoppe utbrotet måtte dei tilsette vaske ned hyttene og be folk som følte seg dårlege, om å halde seg heime.


– Det var mykje som måtte følgjast opp, frå sjuke personar, rapportering til helsevesenet og også media. Det kravde stor innsats frå mange i heile påsken, seier Solvang.


I fjor frakta Røde Kors Hjelpekorps omgangssjuke turistar ut frå hyttene.


– Vi samarbeider òg med Røde Kors for å førebu oss til eventuelt nye sjukdomsutbrot, seier Horne. (©NPK)