Teita bru vart fredag stengd på grunn av skadar. (Foto: Ola Bergheim)

Teita bru er stengd

Teita bru på Byrkjelo vart fredag stengd for all trafikk. Eitt av brufundamenta i elva er påført store skadar etter dei siste flaumane.

Det er Statens vegvesen som har ansvaret for å drifte vegane som Sogn og Fjordane fylkeskommune eig.

– Behov for tiltak

– Eg har ikkje vore og sett på Teita bru sjølv, men vi har bede entreprenøren som driftar denne vegen om å sjå på brua. Mesta har vore og sett på ho, og dei har valt å stengje ho. Det er behov for tiltak, seier kontrollingeniør i Statens vegvesen, Skule Jacobsen.

Brua er stengd for all trafikk. Korkje gåande, syklande eller bilistar får høve til å bruke ho.

– Kva konsekvensar får dette for dei som bur i området?

– Det er to bruer lenger nede i bygda som dei kan bruke. Det er ei bru like ved Norsk Fjordhestgard og ei bru på Råd. Desse bruene kan nyttast, fortel han.

Slik såg det ut ved Teitabrua 13. oktober.