Heim   >   Fylket   >   Tatt for køyring under påverknad av cannabis

Tatt for køyring under påverknad av cannabis

Ein mann i 20-åra vart ei novembernatt i fjor stoppa av politiet mistenkt for ruspåverka køyring i Sogndal.

Blodprøve tatt kring 60 minutt etter at den unge mannen vart stoppa, viste ein konsentrasjon i blodet på over 0,5 i promille.

I Sogn og Fjordane tingrett innrømde mannen å ha røykt ein joint med cannabis kort tid før han sette seg i bilen.

Retten slutta seg til påtalemyndigheita sitt forslag, og dømde mannen til 14 dagar i fengsel på vilkår, og til å betale ei bot på 10 000 kroner. I tillegg mister han føreretten i eitt år. Om han skal få førarkortet att, må han ta full, ny førarprøve.

Mannen har ingen tidlegare brot på vegtrafikklova, men er tidlegare straffedømd for kroppsskade i 2016.