Heim   >   Fylket   >   Tar imot nær 1000 turnarar til barneturnstemne

Tar imot nær 1000 turnarar til barneturnstemne

6. og 7. april er det duka for det årlege barneturnstemnet i Sogn og Fjordane. Her skal i underkant av 1000 turnarar frå dei ulike klubbane i fylket møtast til ei aktiv helg med oppvisningar, medaljeutdeling og underhaldning.

I år er det Skavøypoll Idrettslag som er hovudarrangør, men dei har fått med seg den andre turngruppa i Vågsøy, Måløy IL Turn, som medarrangør.

bPå programmet for turnarane står opptog gjennom Måløy sentrum, turnoppvisingar både laurdag og søndag, medaljeutdelingar, aktivitetar, show og diskotek.

Sandane turn- og idrettslag stiller med 83 deltakarar på stemnet.