Per Inge Midtbø.

Tapar 170 000 på marknad i ubalanse

- Å forhandle fram betre verkemiddel som kan nyttast til å få marknaden for svinekjøt i balanse vil vere det viktigaste for meg som svinekjøtprodusent i dette oppgjeret, seie Per Inge Midtbø.

Per Inge Midtbø er svineprodusent i Norddalsfjord i Flora kommune. Han har 48-50 purker, og leverer 1200 – 1300 slaktegris i året.

- Sånn som marknaden er no ligg vi 80 øre under målpris. Eg leverer 100 tonn, og det er 80 000 kroner i tapte inntekter berre der. I tillegg kjem omsetningsavgifta som grunna overproduksjon vert trekt av oppgjeret som eg får utbetalt, held Midtbø fram.

Auke i kraftfôrpris
Etter staten kom med sitt tilbod i jordbruksforhandlingane 4.mai er det venta ein prisauke på kraftfôr.

- Prisstiginga på kraftfôr vil utgjere ein kostnad på rundt 19 000 for meg, fortel han.

I artikkelen er det rekna på svineproduksjonen til Midtbø. Han har i tillegg 16 kyr og 50 stutar.

•  • •

Bakgrunn slik Sogn og Fjordane Bondelag skildrar den
Staten og Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag forhandlar i desse dagar om ei ny jordbruksavtale.

Det skjer i ein situasjon der fleire produksjonar stangar i taket på kor mykje som kan seljast i den norske marknaden. Særleg gjeld dette for gris og sau/lam.

For dei som produserer gris er det økonomiske tapet stort. Dette fordi det vert produsert for mykje gris til saman frå alle gardsbruka i landet. Difor er ein i svinenæringa svært opptekne av å få forhandla fram fleire verkty som kan vere lov å nytte for å få marknaden i balanse. Vi snakkar då om å kunne regulere tal purker til dømes. Lov til meir samarbeid mellom aktørar for å kunne tilpasse produksjonen til det som er marknad for å få seld.