Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Tankbil har velta i Breim

Tankbil har velta i Breim

Ein tankbil har velta og ligg på sida ved E39 på Flølo mellom Byrkjelo og Reed, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Uhellet skal ha skjedd litt før klokka 21 laurdag kveld. Bilen fører ikkje farleg gods, det er såleis ikkje eksplosjonsfare.

Politiet kom til staden kl. 21.25. Redningshelikopter har landa, og føraren av bilen blir frakta med dette til sentralsjukehuset i Førde.

Skadeomfanget er uklart, men mannen er medviten.