Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK

– Ta påskehandelen tidleg




Daglegvarebransjen oppmodar folk om å ta omsyn og å ta påskehandelen tidleg, så ein unngår tomme hyller og auka smittefare.


– Det er viktig at vi no tek omsyn. Vi må planlegge godt og handle tidlegare enn til vanleg, seier Kine Søyland, kommunikasjonssjef i Norgesgruppen til NRK. Norgesgruppen eig blant fleire Kiwi, Meny, Spar og Joker.


Ho håpar folk tar rådet frå daglegvarebransjen på alvor. Sjølv om daglegvarebransjen har godt med varer på lager, er det sårbart dersom folk byrjar å hamstre, og dersom alle går i butikken samtidig.


Ein annan god grunn til å spreie handelen ut over fleire dagar, er at ein reduserer risikoen for smitte. Smittevernoverlege ved Sjukehuset i Vestfold, Marjut Sarjomaa, rosar difor oppmodinga frå daglegvarehandelen.


Rema 1000 har i år laga eit eige sett med handlevitreglar før påska. Der oppmodar dei til å planlegge godt, så ein bidreg til å spreie handelen, å tilby hjelp til venner og familie og til å halde god avstand i butikken. Dei minner òg om å vaske hendene både før og etter besøk i butikken, og å unngå å ta på varer ein ikkje skal handle. Og når du betaler, kan du bruke kanten på bankkortet til å stadfeste kjøpet.


----



Handlevitreglar i påska

 

1. Planlegg påskehandelen
Husk å planlegge påska tidleg i år, slik at du bidreg til å spreie handlinga utover og unngå at mange menneske er i butikkane samtidig.


2. Meld frå til naboen
Tilby hjelp til vener, familie eller andre som ikkje får handla når du først skal på butikken sjølv.


3. Hald avstand
Hald minimum 1 meter avstand til både kundar og tilsette når du handlar.


4. Vask hendene
Hugs å vaske hendene med såpe og vatn både før og etter handleturen.


5. Snu i tide
Vêr ekstra varsam når du er på butikken og unngå å ta på varer du ikkje skal handle sjølv.


6. Betal kontaktlaust
Bruk kontaktlaus betaling viss du kan, då bidreg du til å minske risikoen for smitte via kontaktflater i butikken. Du kan bruke kanten på bankkortet til å stadfeste kjøpet.


7. Ta omsyn
Ta omsyn til både andre kundar og tilsette når du handlar. Hald avstand og bruk papirlommetørkle eller olbogen viss du må hoste eller nyse. Hald deg heime viss du er sjuk.


(©NPK)