På dette biletet ser ein kor lite synleg ein blir utan refleks. Foto: NAF.

Ta på refleks - som verkar

NAF meiner foreldre er flinkare til å ta på barna refleks, enn å nytte refleks sjølv. No oppmodar dei vaksne om å ta han i bruk sjølv, og passe på at refleksen verkar.


Dei seinare åra har det kome mange nye produkt med refleks på marknaden, men NAF tilrår å nytte dei tradisjonelle produkta, ettersom dei har best refleksevne. Ein må òg passe på at refleksen ikkje har gått ut på dato, ettersom refleks er ferskvare. Refleks har ei levetid på tre år.


Tryg kan fortelje at berre fire av ti vaksne nyttar refleks, og at risikoen for å verte påkøyrd kan reduserast med åtte prosent dersom ein nyttar refleks. Barn er dei flinkaste til å nytte refleks, medan menn over tretti år er dei dårlegaste, ifølgje ei undersøking frå Tryg.


Ein bilist i 50-sona har berre to sekund til å avverje ei ulykke dersom fotgjengaren ikkje har refleks. Med refleks er ein synleg frå minst 150 meters avstand, og bilisten vil ha ti sekund til å avverje ei ulykke. (©NPK)