Fleire elsyklar gjer at erstatsningssummane går opp. Illustrasjonsfoto: Berit Roald/NTB scanpix/NPK.

Sykkeltjuveri blir sjeldan utført av proffe bandar

I fjor utbetalte forsikringsbransjen over 82 millionar kroner i erstatning til folk som hadde fått sykkelen sin stolen.


Tal frå Finans Norge viser at det i fjor vart meldt 10.400 syklar stolne til forsikringsselskapa. Ifølgje Tryg Forsikring har sykkeltjuveri aldri vore dyrare for denne bransjen.


– Sjølv om talet på sykkeltjuveri har gått ned dei to siste åra, går erstatningane opp. Syklane blir dyrare og dyrare, og no er elsyklar med på å dra opp gjennomsnittsprisen på nye syklar. Det er ikkje lenger uvanleg at syklar eller elsyklar kostar over 10.000 kroner eller meir, seier førebyggingsekspert Øyvind Setnes i Tryg Forsikring.


I snitt var verdien av ein stolen sykkel i fjor på 7.888 kroner. Dei ti siste åra har talet på sykkeltjuveri gått opp med vel 15 prosent, medan verdien av syklane har gått opp med nær 150 prosent.


– No på våren og forsommaren er det høgsesong for sykkeltjuveri. Heldigvis forsikrar fleire og fleire sykkelen sin. Tala våre viser at rundt 80 prosent av alle sykkeltjuveri blir utførte av personar som er ute etter eit transportmiddel der og då, og ikkje av profesjonelle sykkelbandar med avanserte kutteverktøy, slik mange trur, seier han. (©NPK)