Kommunestyret ville ikkje vere med på å opne avdeling under Skei Barnehage i Årdalen

SV ville ha barnehage i Årdalen

Kommunestyret i Jølster hadde på siste møte oppe spørsmålet om utviding av Skei barnehage. Saka har tidlegare vore gjennom både utval og formannskap.



Formannskapet gjekk inn for å utvide barnehagen frå dagens 72 plassar til 84, som barnehagen er bygd for. I kommunestyret kom det fleire alternativ på bordet.

Kva med Årdalen?
Det starta med at Magne Årdal (SV) entra talarstolen og reiste framlegg om at Skei barnehage startar opp ei avdeling i den nyleg nedlagde barnehagen i Årdalen.
– På den måten sikrar vi nok barnehageplassar i Skei skulekrins utan å utvide på Skei, sa Årdal som fekk ei slags støtte frå Tom Erik Sandal som meinte utspelet frå SV kunne vere verd å vurdere.
Høgre og Kjell Navelsaker hadde ei anna plan.
– Kan det vere aktuelt å plassere ungar frå Skei i Langhaugane barnehage? Mange arbeider i Førde og skal den vegen likevel. Der er ledig kapasitet, og må vi såleis utvide på Skei? spurde Navelsaker.

Litt ledig
Kommunalsjef Lise Toverud opplyste om at det er litt ledig kapasitet i Langhaugane, men om det er nok til å ta unna det som manglar av plassar på Skei, var ho usikker på.
– Vi må forsvare vedteken køyreplan og i den heiter det at det er skulekrinsane som gjeld når det er snakk om barnhageplassar, sa Geir Støfring (SP) Dette vart støtta av varaordførar Jakob André Sandal som var klar på at det i utgangspunktet skal vere tilbod om barnehageplass i den skulekrinsen barnet høyrer heime i.
– Vi har bygd to barnehagar, dei må vi utnytte før vi går på andre løysingar, sa Hildegunn Huus (Sp) som dermed signaliserte motstand mot framlegget om å ta i bruk barnegagebygget i Årdalen.

Ikkje stemning for barnehage i Årdalen

Kjell Navelsaker gjorde framlegg om å endre rådmannen si formulering i tilrådinga frå skal til kan når det gjeld utviding av Skei barnehage. Dette fekk Høgre og Venstre sine røyster medan resten røysta for den opphavlege teksten, vedteken i formannskapet. Punktet i rådmannen si tilråding om å sjå utviding av Skei barnehage i lys av ledige personalressursar i Langhaugane, og hente resten av finansieringa frå disposisjonsfondet, vart samrøystes vedteken. Magne Årdal fekk åtte røyster for sitt framlegg til nytt punkt om å opne avdeling under Skei barnehage i Årdalen.