Suste gjennom kontrollen i svært høg fart

Ein mann frå Nordfjord fekk kverrsett førarkortet og vert meld etter å ha passert UP sin laserkontroll i 80-sona ved Ålhus i 133 km/t søndag kveld. 

Åtte andre førarar fekk forenkla førelegg. Høgste fart mellom desse var 94 km/t.

UP stod også på Egge søndag. Der blei det fire forenkla førelegg, høgste målte fart var 98 km/t.