Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Surt tap for kjelkehockeylaget

Anne Kvellestad Klakegg er ipå plass i OL-byen for å heie på Jan Roger. Her er dei fotograferte etter kampen mot Italia.

Surt tap for kjelkehockeylaget

Jan Roger Klakegg og resten av kjelkehockeylaget fekk ein uheldig start på den paralympiske turneringa i PyeongChang.

Noreg spelar i gruppe med Sverige, Italia og USA, og opningskampen gjekk mot Italia natt til laurdag. Der sto det det uavgjort etter full tid, men Noreg tapte straffeslagkonkurransen.

Ambassademiddag som plaster

Etter tapet i det som var nøkkelkampen når det handlar om semifinale, så blir vegen mot medalje ein god del tøffare.

Mor til Jan Roger, Anne Kvellestad Klakegg, er i Sør-Korea for å heie på sonen og var sjølvsagt til stades på kampen

– Eg fekk no treffe Jan Roger etter kampen mot Italia. Det vart ein forferdeleg spennande kamp og eit kjempesurt tap. «Men vi gir ikkje opp», var kommentaren til Jan Roger. No blir det ambassademiddag i lag med prinsesse  Märtha Louise og idrettspresidenten, fortel Anne Kvellestad Klakegg frå OL-byen.

Prinsesse Märtha Louise flankert av to jølstringar i OL-byen.