Avisa Sunnhordland er kåra til årets lokalavis i Europa. Foto: Bjørn Ivar Voll/NPK.

Sunnhordland er kåra til beste lokalavis i Europa

Avisa Sunnhordland er kåra til vinnar av éin av hovudkategoriane av European Newspaper Award, i kategorien lokalavis.


Adresseavisen vann prisen for beste regionavis, nederlandske Het Financieele Dagblad vann prisen for nasjonale medium, medan tyske Der Freitag vann prisen for beste vekeavis, skriv Sunnhordland.


Sunnhordland har kontor på Stord i Hordaland og dekkjer i hovudsak kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes.


Juryen trekkjer fram at lokalavisa alltid rettar blikket mot lokale saker, og at artiklane i stor grad er illustrerte. Layouten er rett fram, klar og konsis. Hovudbiletet på artikkelen er ofte supplert med to eller fleire mindre bilete, noko som gjev fin kontrast, skriv juryen.


Ansvarleg redaktør Magne Kydland seier han er stolt og audmjuk over prisen, som kjem halvanna år etter at Sunnhordland blei kåra til årets lokalavis i Noreg.


– Vi har mange dedikerte og dyktige fagfolk som står på kvar einaste dag, og det å få ein slik pris er berre heilt fantastisk. Det gjev oss motivasjon og inspirasjon til å halde fram med å laga eit best mogleg produkt til våre lesarar og annonsørar, seier Kydland i ein kommentar til eiga avis. (©NPK)