Heim   >   Fylket   >   Sunnfjord lanserer kjærleikslue

Den nye storkommunen i Sunnfjord gir gladeleg bort grøne luer til single vestlendingar. Når kjærleiken er i boks, kan ein snu lua og vise den raude sida. Foto: Sunnfjord kommune.

Sunnfjord lanserer kjærleikslue

Inspirert av singel-luene til Turistforeininga har Sunnfjord kommune laga si eiga vendbare lue. Bruker du den grøne sida er du ledig, bruker du den raude er du opptatt.

«Ta på deg lua, ver open for kjærleiken og ta med deg din nye kjærast heim til Sunnfjord», skriv Sunnfjord kommune om den splitter nye kjærleikslua. Dei ventar at ho skal bli ein vinnar både i fjell og på festival og kor enn du vil i sommar.

For å få lua gratis på nærmaste kommunehus (i Gaular, Naustdal, Jølster eller Førde), stiller kommunen tre kriterium: Du må vere singel, du må ha ein plan om faktisk å bruke lua, eller du kjenner nokon som vil elske lua og du hentar henne for dei.

Fordi kommunen oppmodar til gjenbruk, har dei kome opp med den lure løysinga med ei vendbar lue. Ho er grøn på eine sida og raud på andre sida. Når du har funne kjærleiken, så kan du altså snu henne til den raude sida!

Kommunen tek atterhald om singellua ikkje verkar, og stiller brukaren kontrollspørsmålet: Har du vore på rett stad til rett tid?

Om lua skulle bli utsliten, så tipsar dei om at du truleg har brukt for lang tid, og brukaren blir oppmoda til å revurdere strategien om å tenkje seg om fem gongar.

Om lua verkar for godt, er det på tide å snu den raude sida ut. Eventuelt gje den vidare til nokon andre om det tek heilt av, skriv Sunnfjord kommune. (©NPK)