Ordføraren i Jølster beklagar at Sunnfjord Energi sitt møte med kommunestyra i kveld, ikkje er kunngjort. Men han likar ikkje forma på møtet og prosessen.

Sunnfjord Energi orienterer politikarane

Sunnfjord Energi skal i kveld orientere kommunestyra i Jølster, Førde, Gaular og Naustal. Tema er fusjonsplanane med BKK



Møtet skal gå føre seg på kveldstid i Førde og kommunane fekk før påske tilsendt orientering om møtet og kva som skal gå føre seg. Der låg også ved ein del opplysningar om BKK sitt tilbod i fusjonsprosessen.

Ikkje kunngjort

Møtet skal vere ope, men er ikkje kunngjort nokon stad. Vi møtte i går ein kommunestyrerepresentant som ikkje visste at det skal vere møte. Men han skulle sjekke nærare på telefon og andre kanalar om han hadde fått innkalling. Ein telefon til ordførar Oddmund Klakegg gir oss svar på om politikarane har fått innkalling, eller ikkje.

-Dei har fått innkalling på vanleg måte, på E-post og påminning



via SMS, seier Oddmund Klakegg som ikkje har noko forklaring på kvifor møtet ikkje er kunngjort på kommunen sine heimesider, eller på annan måte.

Sunnfjord energi har regien

-Eg tykkjer ikkje noko om forma på møtet, for å seie det slik, og elles er det Sunnfjord Energi som har regien her. Eg skal ikkje leie noko kommunestyremøte i kveld, for å seie det slik, seier Oddmund Klakegg som ikkje er nøgd med prosessen som det er lagd opp til.

-Eg vil vite kva desse to selskapa er verd, eg vil vite om vi gjer ein god handel , eller ikkje. Dette veit vi pr. i dag ingen ting om. Elles er dette ein stor og viktig ressurs og vasskraft er det den viktigaste eksportartikkelen når det gjeld det vi driv med her. Når det gjeld Jølster så er det knapt nokon kommune i landet som har hatt så stor kraftutbygging siste 15 åra som vi. Sunnfjord energi har det aller meste av kraftproduksjonen her og vi er den suverent største kraftkommunen i Sunnfjord, sjølv om vi ikkje eig så mykje i Sunnfjord Energi. Det burde vore køyrd ein mykje grundigare prosess enn det som er lagd opp til her. Vi må få eksterne vurderingar av verdien på selskapa og det skal mykje til før eg tykkjer vi har gjort ein god handel.

-Men burde ikkje møtet i kveld vore offentleggjort?

-Jau, det skulle det sjølvsagt vore. Her har det skjedd ein glipp som eg beklagar, avsluttar ordføraren.