Turi Sunde gjekk til topps i hesteskokastinga på Din Jølsterdag.

Sunde vann hesteskokastinga

Turi Sunde gjekk til topps i hesteskokastinga under Din Jølsterdag.

– Vi hadde innom vel tretti kastarar, der ti kvalifiserte seg til finalen. Dei fem beste gjekk så til ein superfinale, der alle vart premierte, fortel Trygve Bolset i Skjold Hesteskoklubb.

  Normann Skrede, Gro Sårheim Dvergsdal, André Dvergsdal og Finn Elvebakk følgde på plassane bak vinnaren.

  Hesteskoklubben hadde i år sett opp ein flott vandrepremie. No får Sunde inngravert namnet sitt på denne, og deretter blir han å sjå hjå Alf Helgheim & co. heilt fram til han blir vunnen tre gongar av same person. Vedkomande vil då få han til odel og eige.



 

Dei fem beste i hesteskokastinga. F.v. Normann Skrede, Finn Elvebakk, Turi Sunde, André Dvergsdal og Gro Sårheim Dvergsdal.