Home   >   Nyhende   >   Sukkeravgifta gir 500 millionar mindre enn regjeringa rekna med

Illustrasjonsfoto: Tor Richardsen/NTB scanpix/NPK.

Sukkeravgifta gir 500 millionar mindre enn regjeringa rekna med

Sjokolade- og sukkeravgifta vil sannsynlegvis gi 500 millionar kroner mindre i statsinntekter enn det regjeringa har rekna med, ifølgje NHO Mat og Drikke.

For 2018 var inntektene frå avgifta i utgangspunktet anslått til 5,6 milliardar kroner, skriv Dagens Næringsliv. Men i dei seks første månadane i år, har inntektene berre vore 40 prosent av dette.

I budsjettforhandlingane i fjor vart det bestemt å auke avgifta med 83 prosent for 2018. Administrerande direktør Petter Haas Brubakk i NHO Mat og Drikke spør seg kvifor ein har ei sukkeravgift som skadar norsk konkurranseevne, når staten heller ikkje får inntektene som var føresett.

– Avgiftsinntekta blir rett nok høgare enn i 2017, men langt frå så høg som politikarane budsjetterte med, seier Brubakk til DN.

Då ein i 2017 nådde målet om 3,3 milliardar kroner i avgiftsinntekter frå sukker og brus, var meir enn 50 prosent inntent i dei seks første månadane. Likevel deler ikkje Kristeleg Folkeparti sin finanspolitiske talsperson, Kjell Ingolf Ropstad, som støtta budsjettet, bekymringa til NHO.

– Dersom grunnen til fall i omsetning og avgiftsinntekt er at folk kjøper mindre godteri og brus, er det ei vilja utvikling – bra for folkehelsa og mot fedme og diabetes, seier han til avisa. (©NPK)