Illustrasjonsfoto Kjøsnesfjorden Kraftverk.

Styret i Sunnfjord Energi seier ja til fusjon med BKK

Styret i Sunnfjord Energi går inn for full fusjon med BKK. Det er klart etter at tilbodet frå BKK vart handsama på styremøtet i Førde onsdag.

- Eit fusjonert selskap vil bidra til å sikre eksisterande arbeidsplassar, og vil gi moglegheit til å utvikle nye og framtidsretta satsingar for heile regionen, seier styreleiar Arvid Andenæs i Sunnfjord Energi i ei pressemelding.

- Fusjon er best for regionen

For kundane til Sunnfjord Energi vil ein fusjon redusere samla nettleige med 30% årleg, som betyr 4500 kroner for ein familie med normalt forbruk. Det har vore viktig å gi kundane betre vilkår, men for styret har ikkje lågare nettleige vore avgjerande i spørsmålet om fusjon.

- Det har vore svært viktig for oss å forhandle fram ei avtale som uavhengig av lågare nettleige er så god at den vil vere til beste for eigarane, kundane, dei tilsette og regionen. Det meiner eg bestemt vi har fått til, seier Andenæs.

Varig positiv utvikling

BKK, som er største eigar med 37,45 prosent av aksjane, la i april fram eit tilbod til styret i Sunnfjord Energi. Tilbodet inneber mellom anna etablering av minst 25 nye arbeidsplassar i Sunnfjord og Ytre Sogn, og på sikt kan det bli nærmare 40 nye jobbar. Det er definert fleire konkrete område der ansvaret vil bli lagt til det som i dag er Sunnfjord Energi, mellom anna innan digitalisering, vindkraft, entreprenørsatsing og elektrifisering. Når det gjeld elektrifisering av oppdrettsbransjen er BKK og Sunnfjord Energi allereie i gang med eit samarbeid.

- Vi har eit langsiktig perspektiv for framtidig vekst i regionen. Eit samanslått selskap skal bidra til ei varig positiv utvikling for både tilsette, kundar og eigarar i Sunnfjord og Ytre Sogn, seier konsernsjef Jannicke Hilland i BKK.

Desentralisert modell

Energibransjen er inne i ei stor omstilling, og det vil krevje sterke finansielle musklar for å bli med i den teknologiske utviklinga og ta investeringane det er behov for. Administrasjonen i Sunnfjord Energi er ikkje i tvil om at full samanslåing med BKK er det rette valet, heiter det i pressemeldinga.

- Vi har fått til ein desentralisert organisasjonsmodell der regional leiing for nett i vårt område blir lokalisert i Førde. Såleis vil fusjonen setje fart i vidare satsing og utvikling i Sunnfjord og Ytre Sogn. Med fusjon blir vi del av eit større fagmiljø og får fleire forretningsområde som opnar nye moglegheiter, til dømes innan elektrifisering og digitalisering, seier Fredrik Behrens, administrerande direktør i Sunnfjord Energi.

Styret si tilråding om full fusjon med BKK skal no handsamast i dei sju eigarkommunane. Fusjonsprosessen vert formelt avgjort i generalforsamlingane i Sunnfjord Energi 26. juni og BKK 27. juni.