Tarjei Bø (t.v.) og Johannes Thingnes Bø etter normaldistanse for menn i VM Skiskyting 2019 i Østersund, Sverige. Bø tok bronse. Foto: Lise Åserud/NTB scanpix /NPK.

Stryn toppar medaljestatistikken i VM

Johannes Thingnes Bø er inne i det beste meisterskapet sitt nokosinne og har saman med broren Tarjei sørgd for at gullbygda Stryn fortset å samle medaljar.


Sidan storebror Tarjei slo igjennom for alvor i 2010 har det vorte medaljar til ein stryning i ni av ti meisterskap (OL og VM). No er det veslebror Johannes som er best, men også Tarjei Bø har lagt på medaljesamlinga med bronse frå normaldistansen.


Reknar vi med lagkonkurransane, har dei to brørne som representerer Markane IL, samla tre gull, eitt sølv og éin bronse i VM i år. Det er meir enn alle konkurrerande nasjonar på medaljeoversikta – Tyskland er nest best med to gull, eitt sølv og to bronse.


– Eg hugsar at vi to var på toppen i nokre dagar i VM i Kontiolahti òg. Så vi har det fint, vi, seier Johannes Thingnes Bø til NTB etter å ha fått den fjerde medaljen sin rundt halsen på Medal Plaza i Østersund.



Gir seg aldri

Han erkjenner at det er spesielt at to brør frå Stryn, ein tettstad i Sogn og Fjordane med snautt 3000 innbyggarar, er best i verda i skiskyting. Samtidig har medaljefangsten si forklaring.


– Det er litt fascinerande. Og at det er to brør òg, som gjer det så skarpt, det er jo veldig bra. Men vi har jo nokre eigenskapar som berre passar til skiskyting. Og vi er vinnarskallar, vi gir oss ikkje utan kamp, og vi er aldri fornøgde før vi er heilt på topp, seier Thingnes Bø.


– Og gode genar?


– Ja, absolutt. Og hardt arbeid, smiler han.



30 medaljar

For 25-åringen er Østersund-VM allereie dei beste meisterskapa hans når ein ser på medaljefangsten. Og for Noreg som nasjon er meisterskapet også betydeleg betre enn førre VM, som gjekk i austerrikske Hochfilzen i 2017.


Den gong vart det tre sølvmedaljar til Thingnes Bø og ein bronsemedalje til Ole Einar Bjørndalen.


– Ja, det var ikkje så bra. Men no toppar vi medaljestatistikken føre Tyskland, og det har vore utruleg bra. Vi er tilbake igjen til «oldtida» med Ole Einar, Tarjei og Emil (Hegle Svendsen), seier Thingnes Bø.


Han og broren har i alt vunne 30 medaljar i OL og VM (15-7-8). Fem av dei – eitt gull, to sølv og to bronse – har dei vunne saman som del av same stafettlag.


Laurdag og søndag kjem nye medaljesjansar i Østersund. Då skal det gåast stafett og fellesstart. (©NPK)