Legginga av det som blir den lengste undersjøiske straumkabelen i verda, starta nyleg i Blyth i England og skal ende i Suldal i Rogaland. Foto: Newswire.

Straumkabel på veg over Nordsjøen


Det norsk-britiske fellesprosjektet North Sea Link er no i full gang med å leggje ein undersjøisk kabel over Nordsjøen. Kabelen skal knyte den norske og britiske kraftmarknaden saman og blir den lengste undersjøiske straumkabelen i verda.




Det er Statnett og det britiske selskapet National Grid som eig den 720 kilometer lange kabelen, som skal leggjast mellom Suldal i Rogaland og Blyth i England. Arbeidet starta nyleg på britisk side, mens installasjonen frå norsk side startar i 2020. Målet er at kabelen skal vere i drift i 2021.


– Dette er viktig for kraftsystemet i framtida, der fossil kraftproduksjon blir fasa ut og fornybar energi tar over ein større del av straumforsyninga. Utveksling mellom landa gjer dette lettare, og derfor har dette prosjektet stor støtte også frå styresmaktene i begge landa, seier prosjektdirektør Thor Anders Nummedal i North Sea Link-prosjektet, ifølgje det oppdragsfinansierte nyheitsbyrået Newswire.


Den norsk-britiske kraftkabelen kostar 15–20 milliardar kroner. (©NPK)