Volleyballturneringa på Rygg har vore populær både blant publikum og spelarar. Her frå fjorårets Sjeduvolley (Arkivfoto).

Straum frå Indrebø Kraft har vore på nettet sidan april

Regnet har ausa ned dei siste dagane, men aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Dei som har kraftverk kan nemleg glede seg over fulle magasin og stor kraftproduksjon. Av desse er Bjørn Førde og kona Ann Kristin Vangen i Førde i Jølster, eller Førs som det heiter på folkemunne.
– Det er fint vêr no, seier Bjørn Førde og humrar.
Minikraftverket som vart sett i drift i april er knapt nok skikkeleg innkøyrt, men dei store nedbørmengdene gjer at det ikkje er nokon grunn til å kaste vekk tida. No skal det produserast straum for å tene inn investeringane på elleve millionar kroner.
– Det tek litt tid før nivået på Storelva i dalbotnen stig, men til gjengjeld stig ho lenge etter at dei mindre elvane har minka ned att, så no produserer vi for fullt, konstaterer ein nøgd kraftverkseigar.
Minikraftverket har ein installert effekt på 0,95 MW, akkurat under grensa på 1,0 MW som gjer at ein kan få konsesjonsfritak.

Les heile saka i papirutgåva fredag.

Straum frå Indrebø Kraft i Førde i Jølster er komen på nettet. Kraftverket nyttar fallet i Storelva som renn gjennom dalbotnen. Kraftstasjonen er plassert ved Gåsteinsbakken, like ved vegen til Breimsvatnet.