Frå venstre: Arild Sandvoll (Sparebanken Vest), Even Hole (dagleg leiar Jølster Skisenter), Frode Svidal (nest leiar styret Jølster Skisenter) og Kjetil Bjørset (Sparebanken Sogn og Fjordane).

Støttar Jølster Skisenter med to millionar

Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane gjev til saman to millionar kroner til Jølster Skisenter.

Etter ekstremvêret som ramma Jølster 30. juli i år vart det store skader i Jølster Skisenter. For å sikre at skisenteret kan opne som normalt ved sesongstart i vinter, har Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest gått saman og gir éin million kroner kvar til Jølster Skisenter.

Gåva frå Sparebanken Sogn og Fjordane er gitt frå banken sitt overskot, som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar.

– Dette er heilt utruleg flott for oss. Det har vore veldig mange lause trådar, og vi har gått og lurt på korleis vi skal klare dette. No kan vi garantere eit skisenter som er i like god stand til årets opning som tidlegare, seier Frode Svidal, nestleiar i Jølster Skisenter sitt styre i ei pressemelding frå sparebanken.

Felles samfunnsansvar

Kjetil Bjørset, Sparebanken Sogn og Fjordane sin direktør for bedriftsmarknad, og Arild Sandvoll, Sparebanken Vest sin regiondirektør for bedriftsmarknad, seier det er veldig kjekt for dei to sparebankane å gi denne gåva gjennom eit felles samfunnsansvar.

– Dette er eit ekstraordinært tilfelle, og gjennom denne gåva er vi med på ein samfunnsdugnad. Dette er sparebankideen i fullt virke. Skisenteret er i ein krisesituasjon, og då må ein ekstraordinær innsats til for å få anlegget klart til vinteren, seier Kjetil Bjørset.

Ein ekstraordinær innsats er også blitt lagt ned blant dei frivillige etter uvêret i sommar, og sidan 30. juli er det arbeidd 380 dugnadstimar i Jølster Skisenter. Arild Sandvoll i Sparebanken Vest seier at denne gåva er ei gåve til dugnadsinnsatsen.

– Sparebankane jobbar for å legge til rette slik at folk som bur her får det betre. Dette er eit rekreasjonsområde, og det skapar folkehelse. For å få folk ut og for å få aktivitet, så er dette anlegget her ekstremt viktig for området. Då snakkar vi ikkje berre om nærområdet her, men også heile Sunnfjord og fylket, seier Sandvoll.