Heim   >   Nyhende   >   Stortinget klubba ned gratis skulemat

Ap sin Torstein Tvedt Solberg fekk ikkje regjeringspartia med på forslag om gratis skulemat. Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Stortinget klubba ned gratis skulemat

Dei fire regjeringspartia sette måndag ein stoppar for forslaget til opposisjonen om gratis skulemat då saka vart sluttbehandla i Stortinget.

Regjeringspartia har grunngitt haldninga si med eit ønske om å prioritere vidareutdanning av lærarar og innhaldet i skulen framfor gratis skulemat.

Dermed fekk ikkje opposisjonen fleirtal for nokon av forslaga sine i saka.

– Skulemat er eit kinderegg: Det er sunt, det er bra for læring og det skaper eit fellesskap der alle er inkluderte, meiner Arbeidarpartiets utdanningspolitiske talsperson Torstein Tvedt Solberg.

– I dag går mellom 60.000 og 70.000 barn på skulen utan matpakke eller utan å ete frukost. Det betyr ein skuledag med dårlegare læring, meiner han.

Gratis skulemat utan eigenbetaling har ein anslått kostnad på 2,3 milliardar kroner. Ap foreslo i det alternative budsjettet sitt for 2019 skulemat for alle elevar i grunnskulen med ei eigabetaling på 6 kroner dagen, noko som ville kosta statskassa 1,6 milliardar. (©NPK)