Stort samarbeid kuttar nettleiga og sikrar arbeidsplassar





Lesarinnlegg av konsernsjef Jannicke Hilland i BKK:





Eit samarbeid mellom Sunnfjord Energi og BKK vil byggja kompetansearbeidsplassar i heile regionen, og hushalda i Sunnfjord kan sjå fram til i overkant av 4500 kroner i redusert nettleige kvart år dersom nettselskapa slår seg saman.





Sogn og Fjordane var først i verda med batteridriven ferje i 2014. I Hordaland var hurtigladestasjonen på Danmarks plass den største i verda då den vart opna i 2015. Når regionen vert samla i Vestland fylke neste år, kan det bli eit kraftsenter for elektrifiseringa av Noreg.





Vi må ta klimaansvar, samtidig som vi skal driva lønsam forretning. Vi har ein unik posisjon for å kunna bli det første landet i verda som erstattar fossil energibruk med fornybar energi. Og Vestland fylke vil ha eit fantastisk utgangspunkt for å kunna bli Norges kraftsentrum i dette skiftet. Den moglegheita må vi gripa.





Nye grøne arbeidsplassar





Hordaland og Sogn og Fjordane er størst på vasskraft i dag
med rundt ein fjerdedel av den norske produksjonen. Energibransjen gjennomgår
store endringar med ny teknologi, og nye aktørar som utfordrar dei
tradisjonelle energiselskapa sine løysingar knytt til produksjon, transport og
sal av fornybar energi. For Vestland fylke sin del trur vi at den beste måten å
møte denne utviklinga på, er samarbeid gjennom eit stort energiselskap. Det vil
gi oss enda sterkare kompetansemiljø og større finansielle musklar. Og større
moglegheiter for nye grøne industriarbeidsplassar i vårt nye fylke.





I BKK har vi sett oss som mål å bli størst i Noreg på elektrifisering, og har no etablert ei eiga milliardsatsing på dette området. Bilpark, ferjer, skip, hamner, oppdrettsanlegg, tungtransport og luftfart skal over på straum. Vi ynskjer å spele på lag med andre næringar som treng hjelp med overgangen frå fossil energi til ei meir berekraftig energiforsyning.





Lågare nettleige





Med ein fusjon mellom SFE og Sunnfjord Energi vil nettleiga
vera på same nivå som i dag. I nettområdet til Sunnfjord Energi betaler ein
gjennomsnittsfamilie i einebustad no om lag 15000 kroner i årleg nettleige (tal
henta frå selskapa sine eigne nettsider). Den summen blir redusert med i
overkant av 4500 kroner om nettselskapet slår seg saman med BKK. Næringslivet i
Sunnfjord vil få betre konkurransevilkår når dei kan kutta energikostnadene
sine gjennom lågare nettleige. Samla sett vil nettkundane til Sunnfjord Energi
spara om lag 75 millionar kroner årleg om nettselskapet slår seg saman med BKK.
Vi meiner dette vil vera eit langt betre alternativ enn fusjonsplanane mellom
SFE og Sunnfjord Energi, som etter vårt syn vil slå dårlegare ut for både
kundar og eigarar av dei to selskapa.





Lokal verdiskaping





For BKK er det viktig at ein fusjon ikkje berre skal gi
synergiar og auka verdiskaping. Vi er også opptatt av at verdiskapinga skal bli
fordelt rettferdig mellom dei to selskapa som fusjonerer. Det betyr at
kompetansesenter for ulike fagområde vil bli delt mellom Bergen og Sunnfjord,
og vi ynskjer å innleia ein dialog med Sunnfjord Energi om dette no.





BKK ynskjer å byggja kompetansearbeidsplassar i samarbeid med andre energiselskap, kommunar og andre næringar i heile regionen. Vi har verdiar for fire milliardar kroner i selskap i dagens Sogn og Fjordane. Investeringane er gjort fordi vi har tru på å utvikla lønsame arbeidsplassar i dette området. Det same har vi gjort i Hordaland. Formålet vårt er ikkje sentralisering, men å byggja arbeidsplassar i heile området vårt. Det er til dømes fleire arbeidsplassar i Nordhordland no, enn det var før kraftselskap i den delen av fylket slo seg saman med BKK. Vi samarbeider også med gründerverksemder for å stimulera til innovasjon og nyvinningar. Eit døme er Tibber, som har hovudkontor i Førde og vart kåra til årets gründerselskap i Sogn og Fjordane i 2018.





Vi forstår dilemmaet mellom å vera for seg sjølv eller bli ein del av noko større, men vi trur på verdien av samarbeid og ei sterk samanslutning. Vi var i utgangspunktet positive til fusjonsplanane mellom Sunnfjord Energi og SFE. Som eigar fekk vi presentert resultatet av prosessen i eit felles møte mellom styreleiarar og daglege leiarar i selskapa 3.januar i år. Der vart vi og førelagt ambisjonen om synergiar på 30-50 millionar kroner, men utan at vi fekk presentert konkrete tiltak for korleis ein skal redusere kostnadane i ein slik storleik. Difor meiner vi at det no er tid for å avslutta prosessen og sjå på andre løysingar som vil vere betre for kundar, eigarar og tilsette. Og som kan bidra til at Vestland fylke kan bli eit kraftsentrum i det grøne skiftet.