Home   >   Nyhende   >   – Stort å varme opp for Metallica

Årdølen Bård Linga (heilt til venstre), Jørn Kaarstad og Olav Dowkes i bandet Bokassa skal varme opp for Metallica på den neste Europa-turneen.

– Stort å varme opp for Metallica

Tidlegare musikkelev ved Firda vidaregåande skule, Bård Linga, er bassist i bandet Bokassa. Sommaren 2019 skal Bokassa vere oppvarmingsband for Metallica på ein turné som omfattar 25 konsertar.

1. mai brakar det laus i Lisboa. Då opnar det legendariske rockebandet Metallica 2019-turneen. Før publikum får møte metallheltane, er det bandet Bokassa som skal på scena, med årdøl og tidlegare Firda-elev som bassist. Sidan skal dei spele i mellom anna London, Paris, Moskva, Berlin, Milano, München, Madrid og Trondheim. Mange av dei store konsertscenene i Europa får besøk av Metallica og Bokassa.

Takka ja på flekken

– Vi takka ja på flekken, det var veldig overraskande å få tilbodet og veldig kjekt. Vi har innsett at vi må ha hjelp til å planlegge, logistikken rundt dette er kjempesvær, seier 26-år gamle Linga.

Han livnærar seg som deltidsmusikar, lydteknikar og riggar ved sida av å vere deltids lærarstudent i Trondheim. Neste sommar vert han derimot rockar på heiltid. Bandet har allereie møtt Metallica, og det er det danske bandmedlemmet, trommis Lars Ulrich, som har rekruttert Bokassa.