Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Storsatsing på havvind

Foto: Øyvind Gravås/Equinor/NTB scanpix.

Storsatsing på havvind

Europeiske land satsar på havvind som aldri før. I 2019 blei ti nye parkar ferdigstilte. Storbritannia har størst utbygging av vindkraft til havs.

Havvindparkane veks også i storleik. Parkane som blir bygde ut no, er dobbelt så store som for ti år sidan, skriv Teknisk ukeblad.

I Portugal blei det i fjor installert eit nytt flytande anlegg, basert på teknologien til Principle Power, der norske Aker Solutions er deleigar. Også heime i Noreg blir det satsa på flytande havvind. Equinor arbeider med å bygge Hywind Tampen, som med sine åtte turbinar vil bli den første flytande havvindparken av kommersiell storleik.

Equinor skal også, saman med SSE Renewables, bygge den største havvindparken i verda, utanfor kysten av Yorkshire.

EU-kommisjonen har vurdert at EU treng ein plass mellom 230 og 450 gigawatt med havvind innan 2050 for å nå klimamåla dei har fastsett. Totalt hadde dei 10 parkane som vart ferdigstilt i fjor, ein kapasitet på 3,6 gigawatt. Europa har no totalt 22 gigawatt med offshore vind. (©NPK)