Storbyane støvsugar distrikta for politiårsverk

Nær halvparten av kommunane i Noreg har fått færre årsverk i politiet sidan 2016, medan veksten er stor i byane. Tillitsvalde og opposisjonen reagerer.


192 kommunar har fått færre årsverk dei siste to åra. Av desse stod 180 igjen utan eitt einaste politiårsverk i fjor, ifølgje SSB sine tal over årsverk i politi- og lensmannsetaten på kommunenivå, skriv Dagbladet.


Berre 98 av 422 kommunar har hatt ein auke i talet på politiårsverk. Det er i hovudsak i storbyane talet på årsverk har vakse kraftigast.


– Vi stemte mot politireforma i Stortinget fordi vi ikkje kunne akseptere den sentraliseringa som den la opp til. Vi har frykta nettopp dette, men Frp har sagt at vi har feil, fordi det har vorte så mange fleire politifolk. No er regjeringa tatt med buksene nede, seier Sp sin justispolitikar Emilie Enger Mehl.


Også forbundsleiar Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund er bekymra. Han ser tala i samanheng med tala som viser svakare responstid på dei alvorlegaste hendingane.


Frps justispolitikar Solveig Horne er samd i at politireforma er krevjande, men seier at kvaliteten har vorte betre med grepa som er tatt. Det er ikkje eit mål i seg sjølv å ha politi i kvar kommune, meiner ho. (©NPK)